LibreOfficeDev 25.8 Hjelp
LibreOfficeDev kan opna og lagra dokument i Microsoft Office-filformata, inklusive Microsoft Office Open XML-formata.
Vel Fil → Opna. Vel ei Microsoft Office-fil i dialogvindauget for opning av filer i LibreOfficeDev.
| MS Office-fil … | … vert opna i LibreOfficeDev-modulen | 
|---|---|
| Microsoft Word, *.doc, *.docx | LibreOfficeDev Writer | 
| Microsoft Excel, *.xls, *.xlsx | LibreOfficeDev Calc | 
| Microsoft PowerPoint, *.ppt, *.pps, *.pptx | LibreOfficeDev Impress | 
Vel Fil → Lagra som.
Vel eit Microsoft Office-filformat i feltet Filtype.
Vel → Last inn/lagra → Generelt.
I Standard filformat og ODF-innstillingar vel du først ein dokumenttype og deretter filtypen som skal brukast ved lagring.
Frå nå av vert Filtype automatisk sett til det du valde kvar gong eit dokument vert lagra. Du kan sjølvsagt om ønskjeleg velja ein annan filtype i dialogvindauget.
Dokumentkonvertering vil kopiera og konvertera alle Microsoft Office-filer i ei mappe til LibreOfficeDev-dokument i OpenDocument-filformat. Du kan velja mappa som inneheld filene som skal lesast og kva mappe dei konverterte filene skal lagrast i.
Vel Fil → Vegvisarar → Dokumentkonvertering for å starta vegvisaren.
Microsoft Office og LibreOfficeDev kan ikkje køyra den same makrokoden. Microsoft Office brukar VBA-kode (Visual Basic for Applications) og LibreOfficeDev brukar Basic-kode basert på API-miljøet (Application Program Interface) i LibreOfficeDev. Sjølv om programmeringsspråket er det same, er objekta og metodane ulike.
Dei nyaste versjonane av LibreOfficeDev kan køyra ein del Excel Visual Basic-skript viss du slår på denne eigenskapen i .
Viss du brukar makroar i eit av programma og vil bruka dei same funksjonane i det andre programmet, må du redigera makroane. LibreOfficeDev kan lasta inn makroane som finst i Microsoft Office-filer. Dermed kan du visa og redigera makrokoden i LibreOfficeDev Basic-IDE.
Opna eit Microsoft Office-dokument som inneheld VBA-makrokode. Gjer berre endringar i det normale innhaldet (tekst, celler, bilete), ikkje rediger makroane. Lagra dokumentet som ein Microsoft Office-filtype. Opna fila i Microsoft Office og VBA-makroane vil køyra som før.
Du kan sletta VBA-makroane frå Microsoft Office-fila når ho vert lasta inn eller lagra.
Vel → Last inn/lagra → VBA-eigenskapar for å setja opp handsaminga av VBA-makroen i LibreOfficeDev.